mandag 1. mars 2010

Tøybleier!

Eg har brukt tøybleier til Bosse her i huset. Eg hadde litt "motortrøbbel " i starten fordi eg kjente ingen som brukte tøybleier og måtte finne frem litt på egenhand, og då blir det gjerne litt prøving og feiling i starten. Men eg fann til slutt noko som passa for oss og eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde tøybleier. Nå når me skal ha eit nurk til så er tøybleier ein sjølvfølge.
På bildene ser ein Muksut formsydde bleier, men med rom til å legga i innlegg når barnet har behov for dette, ullbleiene til høgre, og rispapiret midt på bilde.
Det var fleire grunnar til at eg valde å bruka tøybleier. Eg ønska å vera meir miljøbevisst, men også det at den fine babyhuden ikkje skulle utsettast for kjemikalier, men få det beste alternativet fra starten av. Alt det andre, som at ein sparer penger og at det er kjekkare enn vanligare bleier har bare gjort det til eit stort pluss. Ein seier også at barn som bruker tøybleier sluttar tidlegare med bleier for dei kjenner når dei blir våte, dette stemmer med min erfaring. Min Bosse gav sjølv beskjed om at han ikkje ville ha bleie lengre når han var 2 år og 3 mnd.

Tre deilige tøybleieungar


Tøybleier kan gjera bleieskift gøy!
Det finnes utrolig møkje kjekt på tøybleiefronten, i alle farger og fasonger, mønster og stoffer. Ein kan velga mellom brettebleier, formsydde bleier, lommebleier og alt i ett bleier som har på sydd sperrelag. Eg valde å bruka formsydde bleier med ullsperrelag utanpå. Ein må prøve seg frem for å finne det som passer best. Det som er alfa og omega med ullsperrelag er ullfettet som ein lar ulltrusene ligge litt i. Erfaringen min er også at disse trusene fungerer best om de strikkes i tritråds merinoull, gjerne innsmurt med lanolin på forhand. Neste gang kjem eg til å bruka brettebleier i starten, gjerne dei første 4-6 mnd. og så gå over til formsydde bleier. Ein må også ha risinnlegg i bleiene, for å fange opp bæsj. Bruker gjerne et litt tjukkare i starten fordi bæsjen er meir rennande. Det er supert med rispapiret for det kaster ein i toalettet.

Fakta om tøy bleier:
Ei tøybleie puster slik at temperaturen blir regulert bedre enn i ei papirbleier. Den er og behagelig mot barnets hud. Tøybleier fremkaller heller ingen allergiske reaksjoner siden de ikkje innheld kjemikalier, og derfor færre som har bleieutslett.

Det koster litt å gå til innkjøp av tøybleier, men i lengden blir det rimeligere. Det blir sagt at det omtrent dobbelt så dyrt å bruke papir fremfor tøy. Og då går ein ut i fra at ein kjøper alle tøybleiene nye, noko som er unødvendig, då ei kan kjøpe brukte tøybleier og ein kan sy sjølv.

Eg har henta litt info fra tettinntil.no som har eit kjempeforum for tøybleier. Der finn ein forklaringar på ulike bleier, forum kor ein kan dele erfaringar og dei har faktisk bleiotek. Ein finn også linkar til ulike stader ein kan få kjøpt nye tøybleier, og selfølgelig salg og bytte av brukte tøybleier.

NB: Det finnes ulike ordningar med støtte til tøybleier, og det er varierande frå kommune til kommune.

Og heilt til sist, ein treng ikkje vera perfeksjonist. Får ein litt trøbbel, ja så er det jo ingen krise om ein bruker papirbleier for å få inspirasjon til å fortsette. Eg brukte ein del papirbleier om natta fordi Bosse tissa mykje om natta, og då slapp han ekstra bleieskift. Dette varierer fra barn til barn.

Sider ein bør sjekke ut: sim.no, tettinntil.no, nøstebarn.no, bleieboden.no
Kjekt om dette gir inspirasjon til at andre vil prøve ut tøybleier!!

 Lykke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar