torsdag 10. februar 2011

*sjuåring i hus

Sju år har gått siden mi første tulle blei født. Eg må legga hovudet i blaut nokre minuttar for å hugsa det heile. Og så kjem dei, minnene, kjenslene.

Det var rart. Alt i saman. Fra fødselen var i gang, til ho plutselig var der. Det var ei utruleg kjensle å ha fått eit barn, eit menneske som eg hadde ansvaret for. Det føltes stort og skremmande. Ho var så fremmande. Heilt annleis enn eg hadde sitt føre meg.

Ho var så liten, som ei dukke. Og så utrolig fin.

Og finare har ho blitt. Ei prinsesse med stor P. Ei skulejente med krav og mange gjeremål. Liten tid til å sitja på mors fang, ho skal ut. Erobra nabolaget, vera ute med venner. Ho vil synga og ho vil dansa, ri og spela med ball. Ho vil symja og kunna klokka, ingenting skjer raskt nok.

Det er min sjuåring, som eglar småsysken og trøystar dei etterpå. Lager frukost til mammen og pappen og "les"  stolt til broremann.

Så på laurdag blir det fest. Med ballongar og det som høyrer til. Det skal feirast ut i dei små nattetimar og søndagen med!