tirsdag 25. mai 2010

Drivhuset...

....setter eg bare meir og meir pris på. Å sjå ting spira og veksa seg frodig, og etterkvart sjå kva eg kan hausta er ein fryd.

* Nå har det begynt å bugna av små ferskenar. Eg prøver å knipe vekk nokon, sjølv om eg egentlig har mest lyst å la dei vera. 

 
*Tomatplanta. Hugsar ikkje kva sort dette er. Fekk den av mammo, eg har dyrka Yellow tomato, men dei er ikkje blitt så store i planten- endo. Hadde ikkje så bra resultat med dei gule tomatene i fjor, men bestemte meg for å prøva igjen. Kjekt med forskjellige fargar i salaten.


*Diverse planter står ute til herding.


* Bugnande sukkererter. Klare til utplanting.

Å gå rundt i hagen på vandring å knaske i seg godbitar er eit av mine ønsker for hagen. Sukkererter ein stad, jordbær ein annan. Frukttrær og bærbuskar er  plassert rundt omkring. Nå må eg bare få hjelp av MaNNen til å legga heller eller laga stiar ... Men det veit han ikkje om at eg har planar om endo. Best å ta tingene litt etter litt. :)

Ha ein fin tirsdag!

mandag 24. mai 2010

37 +

Vel.. tenk at om nokre veker, kanskje dagar, har me fått eit lite nurk til i huset. Eit heilt nytt menneske som me skal bli kjend med. Nå begynner alle å bli spente. Me ha gjort klar babysenga, stellebordet, vogna, tøybleiene er på plass og de siste innkjøpene av bæresjal er på veg i posten... Me snakker om navn og kva tid me kanskje trur at babyen er her.


*senga


*tøybleiene


*eit lekkert teppe som mammo har strikka

Eg er også ekstra spent. Ei god spenning og ekstra forventningsfull i forhold til den planlagte heimefødselen. Eit av kriteriene for heimefødsel er at ein skal vera fullgåtte 37 veker, og here I am. Jordmora som me skal ha hos oss har vært på heimebesøk, ungane har fått helsa på, og det som kan klargjerast er forsåvidt klart. Ikkje alt kan planleggast på førehand, det vil nok heilt sikkert kome ting og tang undevegs. Nå kan me bare vente og håpe at fødselen vil innfri forventningane.

Her er nokre linkar som eg har brukt for å få svar på ting og tang.
hjemmefodsel.blogspot.com, http://www.hjemmefodsel.no/, hjemmefoedsel.net

Nå skal den siste tida brukes til kos og putling. Skal nyte at sommaren er på veg. Lange late dagar, grilling, veksten i drivhuset, sommarblomster og deilige dufter, seine kvelder på (den nybeisa) altanen med talgelys og snart med litt vin i glaset...

*Herlige mandag!


tirsdag 18. mai 2010

Blinkskudd...

17 mai er ein dag full av spenning og glede. Og som mange andre mødra spring eg rundt med kamera og vil foreviga spenningen...


Gleden av å ha kvarandre...




Blinkskudd...?



Mamma prøver igjen...


Stå sånn, bare eit til...


Me hadde ein kjempe fin 17. feiring.
Ungane fekk masser av is, pølser, lapskaus, egne lommebøker med penger i og me voksne hadde koslig lag og tilgang til goder heile dagen...

Kan det bli bedre?


søndag 16. mai 2010

Inni her...

(36 veker)

 ligg eit lite nurk.
Og gjer seg klar til å komma ut.
Tenk så fantastisk, at inni her ligg eit lite barn.
Heilt ferdig, heilt perfekt.


Ha ein fin 16 mai! I morgon er det full rulle.

fredag 14. mai 2010

Tannfeen har vært på besøk...




Vekas største begivenhet fant sted forrige søndag då seksåringen miste si første tann!! Det har ho venta lenge på. Tannfeen har som seg hør og bør vore og henta tanna og lagt igjen ein respektabel sum med penger. (Her telles antallet penger ikkje verdi...)



Me har spist is.

 

Bildene taler for seg. 



Speida etter fiskar i bestemor sin dam...



Og me nyte at vårsola får blomane til å springa ut. 


Mor- datter tulipan...

Ha ein fin fredagskveld!

søndag 9. mai 2010

Ord over grind...



Du går fram til mi inste grind
og eg går og fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli. 


Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.


Står du ikkje der ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.


Så lenge eg veit du vil kome i blandt
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

(Halldis Moren Vesaas)

Ha ein fin søndagkveld!

lørdag 8. mai 2010

Ein knupp...

Ein knupp på løvtreet...

ein tulipanknupp...


Mammas goknupp...


Idag har vært ein nydelig dag. Har for det mesta beisa rekkverket på altanen, som ein ser i bakgrunnen. Innimellom har me tatt oss tid til isspising og hagevandring...

HerrrrRlig lørdag!

tirsdag 4. mai 2010

Ein smak av sommar..

Søte jordbær med fløte på gav oss ein forsmak på sommaren.


Sola skin men den kalde nordavinden kan ta knekken på kven som helst.
I drivhuset mitt er det derimot vindstille og full sommar...


Ha ein fin sommarlig kveld!

mandag 3. mai 2010

Tre nøtter til askepott??

Med laaaaange late dagar foran meg, og med mulighet for å innarbeida gode rutiner, så går eg til pers mot vaskemidler og kjemikalier. Eg har som skrevet før eit stort hjerta for miljøet!!  Så nå har eg funne ut at eg vil prøva miljøvennlig vaskemiddel.

Og nå har eg funne vaskenøtter!!

Vaskenøtter er eit naturlig produkt som har vært i bruk i India og Nepal i flære hundre år (her ligger me altså laaaangt etter). Skallet til nøttene  inneholder 15% saponin, og saponin virker som såpe når det kommer i kontakt med varmt vann (30-90 grader).

Her er seks gode grunnar for at eg velge å prøva ut vaskenøtter;
  • Miljøet!
  • Vaskenøttene inneholder ingen kjemikalier, og de kan komposteres (bra for dei med kompost).
  • Klesvasken blir visstnok mjuk uten bruk av skyllemiddel.
  • Bevarer fargene i den kulørte vasken, bedre enn tradisjonelle vaskemidlene.
  • Økonomisk alternativ! Eg kjøpe de på nettet. Sikkert butikkar som selge det, men eg orke ikkje traska byn rundt...
  • Vaskenøttene kan brukes til all klesvask – også til ull, silke og goretex (så sant temperaturen er over 30 grader).
Vaskenøttene avgir ingen lukt, så derfor har eg og kjøpt litt eterisk lavendelolje som eg skal tilsette i klesvasken. Vaskenøttene innholder heller ingen blekiemidler. Kvitvasken kan derfor over tid bli litt grålig. Så eg har og kjøpt litt miljøvennlig bleikmiddel som eg kan tilsette i vasken.

Men detta skal jo funka og. Altså kledno må jo bli reine og helst lukta godt, og kanskje det viktigaste det skal og vera såpass enkelt at dei andre medlemmene i husstanden skal kunna bruka det. For sjølv om eg finner på ting og tang i huset, er det vel ikkje alt som alltid er lika gjennomførbart!
Blir det positivt resultat så lover eg å reklamere for produktet....

Ellers så har det vært ein bra dag. Har omsider fått planta bøkehekken, med uvurderlig hjelp fra mamma. Og fått rosetreet mitt ut fra drivhuset, her måtte og mamma til, OG ikkje minst fått opp løvetann med mamma sin løvetanntang... Mammer er gode å ha!


Ha ei god natt og ein fin tirsdag!

lørdag 1. mai 2010

Panikken tar meg...

I motsetning til innlegget for nokre dagar siden, kor eg var frustrert over dei nye permisjonsreglane, er dette om rake motsetningen. Panikken som breier seg i kroppen.Det nærmer seg permisjonstid, og eg skal bare glede meg. Og eg gler meg. 70 % av meg gler meg til alle dei husmoroppgavene eg skal ta fatt på. Men dei resterande 30 % har fått full panikk. Eg har ein jobb som eg stortrivst i. Det krever heile tida fagleg oppdatering, eg treffer utrolig kjekke kollegaer, og ikkje minst kontakten med menneska som eg treffer via arbeidsplassen. Det savnet kan desverre ikkje denne permisjonstida bidra stort med til å dekke.

Så nå sitter eg her... grubler og søker. Kanskje eg skal finne eit lite studium å lese på mens eg tråkker her heime.  (Har fremdeles ikkje innsett at det kjem til å bli travelt med fire ungar som skal følgast opp) Men la meg leve i trua... den travle kvardagen kjem nok tidsnok og innhentar meg. Så ambivalent. Og så utrolig frustrerande.

Ha ein fin 1.mai dag!!