fredag 26. februar 2010

Betasuppe med GOD SMAK...

Til lunsj/ middag idag hadde me betasuppe. Mi oppskrift er bare sååå kjempe god at den er verdt å dele med andre.


Betasuppe med GOD SMAK:

poteter
kålerabi
gulerøtter
1 løk
sellerirot
kjøttmeterpølse
buljongterninger (kjøttsmak/ grønnsakssmak)
Og ein god dæsh med Chili explosion (Santa Maria) krydder


Grønnsakene skrelles og kuttes før de hives i buljongvannet. Kok opp og la det småputre til grønnsakene er al dente, (møre, men med fremdeles litt tyggemotstand). Chilien has i på slutten.

Bon apetite'!
Det som kanskje er det kjekkeste med med denne retten er at mens den står og lager seg sjølv, så kan eg putle på med alt mulig anna. Og då kom tanken om at eg skulle ta bilde av 5 ting som eg setter stor pris på i heimen, så langt kom eg altså ikkje, det får eg ta på mandag...
Nå har eg kost meg i 2 heile fridagar og har lada batteriene med ny snømann i hagen, vaniljesnippar, god betasuppe, kosligt besøk, og høg pysjamasfaktor... då er eg klar for ei ny arbeidshelg og håper at andre får ein fin fin helg med mykje kos.

Himmelsk munnfull...

Når eg stod opp idag var det kun vaniljesnippane som eg fann oppskrift på igår, som var i tankane mine, så eg heiv meg rundt og fekk laga deigen.


Den var utrolig god å jobbe med, og med duften av vaniljekrem som blei lagt inni kunne eg nesten ikkje venta til dei var ferdige.

Og dei var verdt å vente på, ein himmelsk munnfull kunne vært eit passande navn...

Så når gjestene mine kom var det bare til å sei velbekomme, eg hadde prøvesmakt min del...

torsdag 25. februar 2010

Pysjamasfaktor...

Denne veka er det vinterferie for skuleungar, og for dei som har mulighet til å ta seg fri. Desverre er det full rulle hos oss denne veka med jobb og barnehage. Men nå idag har eg og ungane hatt ein fridag med STOR pysjamasfaktor. Så då går eg rundt her og tutlar på og lader batteriene, først når det har blitt kveld igjen og batteriet er nærmast fullt kjem ideane om alt eg har lyst å gjera neste fridag...

Kanskje det då er påtide å ta ned resten av julepynten? Eg har ei grein vrihassel (også kjent som trollhassel) som er så utrolig fin med glasenglar i, hengande over kjøkkenbordet.


Kanskje pyntar eg den med noko anna for ei stund, eller finn eg eit nytt sted til greina. Drivhuset likar eg også å pynte med enkle ting som ikkje rommar for mykje...



Når sant skal seiast så har me også fri i morgon, men me ventar besøk "langvegsfrå" så eg har planar om å laga vaniljesnippane til Kasparas regnbue...
VANILJESNIPPER
50 g gjær
4 dl matfløte
100 g mjukt smør/ margarin
4 ss sukker
3 ts vaniljesukker
1/4 ts salt
2 egg
ca. 12 dl hvetemel

Fyll:
Ferdig tykk vaniljekrem kjøpt i butikken

Glasur:
Bland melk og melis. Noen dråper med romessens i smaker nydelig!

Lunk melken og rør gjæren ut i den. Ha i smøret i små klumper og tilsett sukker, vaniljesukker, salt og egg. Rør om. Ha i mel og elt sammen til en smidig deig. Heves i en halv til ein time. Del deigen i to emner og kjevle kvar del til en leiv ca. 32 x 40 cm. Del denne opp i firkanter på ca. 8 x 8cm. Legg en klatt vaniljekrem i midten av firkanten og brett sammen til en trekant og trykk godt rundt kanten, så kremen ikkje renner ut.
Hev snippene ca. 30 minutter. Pensle med egg og stek dem ved 225 grader midt i ovnen i ca. 8 minutter. Melisglasur tas på mens snippane er lunkne.

Dei ser utrolig gode ut, får vann i munn bare ved tanken... Etter baking og prøvesmaking så bør vel me også ta skia på og prøve snøen som kom idag...

Ha ein fin fin torsdagskveld!!

Vinter ute, vår inne...

Ute blir trærne igjen dekka med kvite snøkrystaller, det ser ut som himmelen er ustoppeleg.


Kroppen skrik etter joggesko og vår, ikkje minst sjå resultatet av dei første løkane som eg planta i haust. Men me går mot lysare tider, kalenderen viser snart mars og dagane har begynt å bli lengre. Så mens me ventar på at snøen skal smelta og at sola skal varma kroppane våre, så kan me jo så smått begynna å gjera klart til våren. Og idag ska me gjere klart til fuglane.

Då mellomste jenta vår fyllte 6 år nyleg, så fekk ho heimesnekra meisekasse av bestemor og bestefar. Nå har den fått eit strøk med grunning og er igjen klar for ivrige barnenevar som gjerne vil fullføra meisekassen med litt beis.

tirsdag 23. februar 2010

Prosjekter på gang...

Eg har som regel eit prosjekt på gang, opptil fleire på ein gong.

Mitt største handarbeidsprosjekt denne våren/ sommaren er å sy belte til hardangerbunad. Dette tøystykket har eg som regel med meg dei fleste steder, i tilfelle det skal by seg ein anledning til å sy nokre korsting...
Eg liker egentlig best prosjekter kor eg kan sjå rask fremgang, og som blir avslutta etter ei arbeidsøkt. Men oppmuntringen er at dette er noko som eg vil sjå resultatet av resten av livet og som nokre andre vil setja pris på og ha glede av. Mi mamma har sydd min bunad, det gjer den ekstra spesiell.
Som sagt så har eg ofte fleire prosjekter på ein gang, nokre inne og nokre ute... Eg skal presentera opptil fleire denne veka.
Ha ein fin fin tirsdagskveld!!

mandag 22. februar 2010

Bilder av den flotte vognleika og mandaringarnet...

Her er altså skattane mine som ligg og ventar på å ta form. Og under er bilete som gir inspirasjon, lånt fra boka "Brukt på nytt" av Kathrine Gregersen.




Inspirasjon til å rydde



Ja, tenk, etter å ha vært innom krabbelure som hadde sortert i knappane sine det tok ikkje lange tida før eg sjølv hadde gjort spisebordet om til eit sted som såg ut som ville ta ein heil føremiddag å rydda. Eg fekk sortert i knappane og trådsnellene, garnet, og ikkje minst korga med ulike stoffrestar. Så det kan lønne seg å lesa bloggar...:))

Men av å rydde i sysakene får ein også oversikt over kva ein har, og kva ein gjerne skulle hatt meir av. Eg har ei GOD bok av Kathrine Gregersen, med mange fine idear og som gir inspirasjon til gjenbruk. I denne boka har eg funne ei fin oppskrift på ei vognleke. Og trur du ikkje eg fann restar av mandarin garn i korga mi... Så nå kan det sjåast ut som eg finn fram heklenåla, men først må ungane få sin del kinderegg, som er fyll til denne flotte vognleka.


Ein rød tråd...




Mitt første innlegg på min blogg... spennande. Det føles som begynnelsen på eit nytt kapittel, eit som skal vara lenge. Det har egentlig starta for lenge siden, som eit svangerskap. Først med tanken om å begynna å blogga, og den har vært der ei stund. Men i går starta det altså for alvor.
Først idag kom navnet: "EIN RØD TRÅD..."

Og navnet synes eg passer bra, for det eg har lyst å dele med andre er ein rød tråd i livet mitt, mine lidenskaper.

Eg blir lett inspirert av andre og elskar å smugkikke på andre sine bloggar og kvardagssyslar. Det hadde vært kjekt om andre fant inspirasjon og idear på min blogg...

God mandag!