tirsdag 22. juni 2010

I fjæra...


Små barneføtter som har lyst til å bada...




....Og den som leitar finn mange skattar...



Ha ein fin tirsdagkveld!

mandag 21. juni 2010

Rabarbragrøt...

Har laga sesongens første rabarbragrøt, og når sant skal seias, så har eg ikkje laga det før. Men SÅ enkelt, og SÅ godt...


I oppskrifta stod det at den skulle serveras i glasskål, det hadde nok blitt litt "smukkere" å sjå til enn i min grønne salatbolle...

Eg syntes oppskrifta såg litt liten ut, noko som enda med at eg laga altfor mykje, så me hadde rabaragrøt til dessert i tre dager...

Ha ein fin sommardag!

onsdag 16. juni 2010

Tida...

Når man ønsker at tida skal gå fort, så snigler den seg av sted. Og nå, når eg ønsker at tida skal gå sakte, slik at eg kan nyte kvart minutt så er det som å være på ein racerbane...

Siste tilskudd er allerede blitt 16 dagar, og me har blitt godt kjent.  Nå forstår me når skriking og knirkelyder betyr ønske om mat, nærhet og prat...  I nyfødtperioden går tida så altfor fort og eg prøver å ta til meg alle inntrykkene som kjem etter kvart som babyen har gått fra å være antall timer gammel, til å bli to veker...


Blogging får vera blogging, hovudet er liksom for tomt til at eg får nåke ned på tastaturet... Eg er innom og les og får inspirasjon av alle dei fiiine bloggane her ute, blir stadig imponert...

Enn så lenge,  ha nokre fine dagar i sommarsola (og vinden)...

tirsdag 8. juni 2010

Natt til 1. juni...

Så var ventetida endelig over...



Natt til 1. juni kom jenta som vi har venta på og gleda oss til å treffe. Me hadde planlagt å vera heime denne gang. Og det var me alle spente på. Me snakka om det med ungane og prøvde å forberede dei så godt me kunne.

I dette svangerskapet har eg gått til privat jordmor for oppfølging. Ho arbeider også på sjukehuset og har tatt i mot dei andre to borna våre. Så tanken min var at kanskje eg var så heldig å få ho denne gang også. Under første samtale kom vi til å snakke om heimefødsel. Frøet var sodd. Eg visste at dette var det rette for meg. Eg gjekk heim og begynte å dele tankane mine med Mannen. Eg søkte informasjon om heimefødslar og blei raskt fortrolig med tanken.

Når det nå nærma seg termin så auka spenningen og forventningane mine, kunne dette bli bra? Eg har stor tru på kvinner og kvinners evne til å føda. Eg var aldri i tvil på at dette skulle eg klare. Men likevel var er eg redd eg laga meg forventningar som ikkje kunne innfris.

Mandagskveld rundt kl. 20 ringte jordmor Eli til meg. Ho lurte på korleis eg hadde det, om eg kjente noko. Det gjorde eg ikkje. Ingenting. "Trur ikkje det skjer noko denne veka" sa eg. "Men eg gir ein lyd visst det skjer noko forandring". Eg var nå 38 + 1 i svangerskapet.

Berre nokre timar seinare startar riene. Klokka er 23.20. Det var "klassiske" rier som varte i ca. 30  sek. og dei kom kvart 10 minutt. I starten tenkte eg at dette var lureri og at det sikkert kom til å gå over, men dei var såpass vonde at eg måtte opp å gå under riene. Eg såg på klokka og tenkte at eg skulle ringe jordmor kl. 01 om dei ikkje var gått over. Tenkte at tredjemann er ofte ein luring...

Klokken 00.45 vekka eg Mannen. " Eg trur det er i gang" ! Han stod opp, gjekk på kjøkkenet og satte over kaffi. Akkurat som om dette var det mest naturlige som fantes. Ingen stress, det var stille og rolig. Ute var det lyst/ skumring og varmt. Eg ringte jordmor samtidig ca. kl 00.50. Sa at "det muligens er på gang", og forklarte korleis eg hadde det. Ho ville komme for ein sjekk.

Ho har var heime hos oss ca. 01.25. I mellomtida hadde riene auka på, dei kom nå svært tett. Vi var på kjøkkenet. Der var det varmt og godt og god plass til oss tre. Planen var at vi skulle være på badet, men så langt kom vi ikkje. Etter at jordmor Eli kom så var det så intenst at eg ikkje klarte å forflytte meg. Mannen og jordmor danderte rundt meg med sengtøy og handklær. Dei støtta meg og roste meg for jobben eg gjor. Det gjekk fort.

Kl .02.20 kom ei frisk og velskapt lita jente. på 3100 gr. og 49. cm lang





Ungane sov seg gjennom det heile. Me låg i dobbeltsenga når ungane kom etterkvart som dei vakna. Ein etter ein. Me brukte formiddagen i senga og bare såg og strauk på det nya familimedlemmet. Endelig var ho her!



Eg er så utrolig takknemlig for at eg fekk oppleve dette. Uten samanlikning er dette den finaste opplevelsen eg nokon gong har hatt. Eg føler meg heldig.



ein fin bukett...



torsdag 3. juni 2010

Eit sommarbarn...

Har ein liten bloggpause...

Me fekk ei skjønn og velskapt jenta natt til 1 juni. Nå brukes dagane til å bli kjent med nurket, så får bloggverdenen vente pittelitt på ein fin fødehistorie...

Nyt dagane, det gjer eg!