tirsdag 28. juni 2011

* ta vare på mamma

Lesing er prioritert i sommar.



Eg har nett lese boka "Ta vare på mamma" skriven av Shin Kyung- Sook. Ho blir omtalt som ei av Koreas fremste og mest leste moderne forfattar.  Boka kom ut i 2009 i heimlandet og har blitt solgt videre til 23 land.

Shin Kyung-Sook har skrive ei djupt rørande historie om ein familie som leitar etter mor si - om lengslene,
hemmelighetene og smertene som dei oppdagar at ho har gått og bore på. Det er under eit familiebesøk i storbyen Seoul at mamma forsvinn. Ho var rett bak ektemannen når han gjekk på toget, og så var ho plutseleg ikkje der lenger.



Boka bring fram kjensler, kjensler om eigen histore. Kven er mi mamma, kjenner eg ho eigentleg? Som mamma i boka seier om si eiga mor; "Visste mamma det? At jeg trengte henne hele livet også?"





Ha ein fin tirsdags kveld!


.

tirsdag 21. juni 2011

*på nattbordet

ligg min sommarlektyre.

Sommarens lesing er i gong, og bøkene ligg "lina" på nattbordet.

Fyrst ut var boka Barnepiken. Ei tjukk, lettlest og god roman som underheld. Vi blir tatt med til Sørstatene i USA rundt midten av 1960. Boka skildrar  forhaldet mellom kvite mellom/ overklasse og svarte tenestefolk. Boka overraskar og  eg tykkjer ho gir ei god skildring av forhaldet mellom kvite og svarte. Eg blei fleire gonger overraska over at vi snakker om 1960 og ikkje 1860.


Barnepiken kan kjøpast på haugen bok. Der handler eg dei aller fleste bøkene mine. Utrulig kjapp levering.


 


Det er lov å krype under teppet med ei god bok når varmegradene såvidt kryp opp mot 15 grader, og det er regn i lufta.

Fin tirsdag!

mandag 20. juni 2011

* ein smaksprøve

Me tok ein tur til varmare strøk og fekk ein tjuvstart på sommaren. Vel fortjent.









Late dagar på stranda. Ingen plikter. Bare kos.

God mandag!