torsdag 16. desember 2010

*Den dag kjem aldri

Eit av dei finaste dikta eg veit om er dette som er skrive av A.O Vinje. 


Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg um deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart meg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

Du kan og høyra den her; Den dag kjem aldri sunge av Christine Guldbrandsen

onsdag 15. desember 2010

*Jakten på julestemninga

Kvart år når jula er over meg,  tenker eg " Neste år, då skal eg vera meir i nuet, ta det rolig i adventstida, bake kaker som EG har lyst på. Eg vil lage julepresanger som er merka "made by", og er laga med kjærlighet og omtanke til den personen den er tiltenkt. Eg skal ikkje vera sjuk, men frisk og full av energi og sprett opp av senga om morgonen- klar til å ta sats". Dette har eg tenkt nokre år...

Når julestria herjar som verst, kjem det gnagande samvitet, i tillegg til andre gjeremål. Som å vaska på dei mest utenkelige steder, ha juleverksted med avanserte veiledningar, heimelaga advendtskalender, ikkje med pakkar, nei! - med brev i frå nissen, istedet for å gjera det enkelt.

Men kva hugsar eg frå i fjor... Jo eg hugsar dei gode tradisjonane.

Juletrehentinga i skogen, med graut og småprat med slekta. Det er ein så fin tradisjon at eg mest gler meg meir til juletrehentinga, enn sjølve julafta.

Eg hugsar ungane sin enorme spenning, glede av at dagen endelig er her.

Så sjølv om julestria herjer som verst, så har me mennesker, (i allefall eg), ein utruleg evne til å gløyma stresset og berre hugsa dei gode minnene...
Og det er nå endelig godt. For jula den kjem kvart år, om me er klare eller ei.

tirsdag 14. desember 2010

*vannkopper/ kaffikopper

Virusinfeksjoner herjer i omgangskretsen og nå var det vår tur.
Litt forkjølelse og vonde halser,  og så kom dei spennande vannkoppane som så mange andre rundt omkring har hatt.

For dei to eldste så trur eg det var litt spenning med vannkoppane. Me visste at smitten var på skulen og barnehagen. Så me har kikka og leita itte dei ei stund. Så lykken var stor då endelig dei første prikkane kom. Det var heilt til dei fann ut dette klør...
Det gjekk overraskande fint med ho eldsta. Med litt småaktiviteter, ein film og kos så glemte ho kløen innimellom.

Med dei to minste er det noko kjedeligare. Dei har fleire vannkoppar og det ser ut til at dei klør meir. Kvitvasken demper kanskje litt, men eg synes ikkje det er noko vidundermiddel.

Bosse ville ikkje ha vannkopper etter at dei begynte å klø. Eg fekk ikkje lov å sjå på dei og ikkje smøra dei. Så me bytta navn til kaffikopper, og då blei det litt bedre. Nå får eg (såvidt) smøre kaffikoppane, har gitt opp å telle dei. Dei to minste har også feber og er meir sjuke. Men i dag er det fjerde dagen, så tenker at når dagen i dag er overstått er det versta over.

Eg klør i medlidenhet.




Her har goingen satt på ein cd med klassiske barnesanger og sunger me av full hals. Då blir kaffikoppane glømt for ei stund.


Iben gullet, er berre lei, vanskelig å finna roen, og ingen trøst varer så lenge om gangen.

I dag morges var det to rådyr i hagen- har eg ikkje hatt julastemning før, så kom den iallfall nå. Julenissen sine "reinsdyr" var sååå fine.

onsdag 8. desember 2010

*tid for ettertanke

Tida som husmor gjev tid til ettertanke. Om alt mulig.

Nå har eg vært hima siden mai måned. Det har vært fint, men nå vil eg ut. Eg er ikkje den fødte husmor. Kunne så gjerne ønska at eg hadde trivst med å gå i pysjen til langt ut på dag, var kreativ og full av pågangsmot til å ta å ta fatt på neste dags husmorsoppgaver. For dei er så viktige. Kanskje dei viktigaste me har.

Men eg må erkjenna at eg funker best litt "ute" og mest hima. Eg savner jobben, "innputten", kollegaene og utfordringar.

Det er liv og røre i huset heile tida, og når ungane er lagde er eg slips. Her er det såvidt pynta litt til jul, baksten let venta på seg, og jula kjem med stormskritt. Det er ambivalent, eg likar juleførbuinga, ungane sin spenning og begeistring, men den fører også med seg så mykje "må gjera" ting...

Ser rundt på bloggar om julebakst og juleeventyr, alt ser så fint og idyllisk ut. Eg beundrar energien og alt dåke får gjort...

Eit hjertesukk. ;)

lørdag 16. oktober 2010

* frukttrær i hagen

Det er luksus å kunne gå ut og hente friske smakfulle epler,  uten sprøytemidler fra egne frukttrær...



Me har hatt fint vær her på vestlandet i fleire dagar. Om morgonen ligg det tjukt med rim på bakken, det er heilt vindstille og sola varmar etterkvart som den er på veg opp.
Det er berre til å nyte, me går mot kortare dagar, og  me treng all motivasjon til å gå vinteren i møte.


Eg har lese ut boka Øya, skriven av Victoria Hislop.
Den kan varmt anbefales.




onsdag 13. oktober 2010

*eplekake


Haust
eplekake
kakao
kos



Oppskiften har eg funnet på matbloggen TRINES MEKTIGE MATBLOGG, som er verdt eit besøk. Har prøvd flere oppskrifter på denne bloggen og alle har vært vellukka.
Ps. Eg dobla oppskrifta på eplekake...

God haustkveld!

*leketid

Det haustferie, og ein deilig ro har senka seg i huset. Me e tidligt oppe og det e leketid. Bosse har forsvunne inn i ein verden som eg prøve å ta del i, på hans premisser.



Disse kjekke figurane har hatt ei lang levetid her i huset. Av og til tar me leker opp på loftet, lar dei ligge eit par år for så å ta dei frem igjen- med stor suksess. Det er som om dei har fått nye leker.


Litlajento e blitt 4 1/2 månad, og koser seg når storebror leker ved siden av.

Og kanskje når det er kviletid kan eg ta fram denne...



Ha ein fin dag!


mandag 11. oktober 2010

*falla fritt

len deg tilbake og nyt....

http://www.youtube.com/watch?v=q1Qqgzq-uNM

søndag 10. oktober 2010

*haustdrakt

Det er godt å kjenna vinden riva i kroppen. Samtidig varme solstrålene fremdeles nok til at nokre få fregner popper fram og ein får kalde roser i kinno. Ein tur kor ein kjenner at ein har vore ute,  er balsam for sjelo.



Er stadig innom blogglandia, og skrivelysten held på å vakna i meg igjen. Sakte men sikkert.
 Eg nyt haustværet, ungane, travelheten.

Nå er det ei ny veka i vente, ungane har haustferie og det skal bli deilig å roa ner kvardagen. Skulefri, og fri fra fritidsaktivitetar. Eg har lånt meg bøker som eg allerede har begynt å smuglest i. 

God haustferie eller det som måtte vente...


mandag 20. september 2010

*høneblund


Det er godt med ein liten høneblund i blandt. I dag feirer me fjortisen i huset og då tels det å nytta tida godt mens veslegullet søv... Ellers så hadde eg kanskje slengt meg på sofaen eg og.

God mandag!

onsdag 15. september 2010

*morgenstund har gull i munn...

Det er høst ute og det begynner å bli kaldt i huset om morgonen. I dag har me fyrt i "ogen" og våkna sakte under pleddet, med kaffikoppen og hørt på morgenradio.

Bosse er i full gang med leiken.




"unsjull mamma", "det e ujettfejdi!"og "otei" (okei) er tre ord som blir mykje brukt av treåringen for tida. Vokabularet er i stadig utvikling og sammenhengen mellom handling og ord begynner å henge saman. Det er mange ord og uttrykk som er verdt å skrive ned...

Eg er stadig innpå og leser flotte bloggar. Mens eg sjølv er ganske tom i toppen for tida. Så mykje å fortelja, men så vanskelig å få det ner...

God onsdag!

søndag 22. august 2010

*til minne om ...

ein flott gut.

Eg hadde laga eit innlegg om skulestart. Om mi jenta som har fått begynt på skulen. Men det føltes feil å ikkje skrive noko meir.

For i helga har eg fått eit lite sår i hjerta. Det blør. Det blør for ein liten stor gutt. Ein storebror, ein sønn, ein mammas og pappas gutt som også skulle begynt på skulen. Han skulle stått mange ganger enda og heia på FK Haugesund. Han skulle vært med på mykje meir.

Han har måtta kjempa sin egen kamp, kampen mot kreften.
Han har vært ein tapper og sterk gut. Men sjølv den sterkaste må av og til gi tapt.

Eg håper du har det godt nå, at kroppen din får kvila.

Kvil i fred veslegut.

*skulestart

Den første veka etter ferien er over.

Me har hatt nedtelling til skulestart denne sommaren. Det har vært store forventningar for både store og små.
Den siste veka har vært proppa med informasjon og skulejento har lagt seg trøtte og mette på inntrykk om kveldane.





Det er mange føleleser i sving. Spenning og glede blanda med sårhet og alt det nya som gir litt utrygghet. Torsdagskvelden når ho la seg spurte ho "skal eg på skulen i måro og?"... og fredag morgon seier ho " i måro er det fri, og då skal eg ha fri i to dagar!"
Med middagsbordet spurde pappen om det bare var kjekt på skulen -"jaaa, men det e jo bare læraren som får snakka, me må venta så leeeenge på tur...."

Plutselig har seksåringen min blitt stor, ein ny epoke har starta. Nå blir det ikkje så ofta med seine morgonar og drøs. Nå er det lekser og plikter som ligg på skuldrene. I mange år fremover. Og vår oppgava som forelder blir om ikkje endo viktigare enn før. Å veileda og "letta børo" som farmor ville sagt.

For triåringen som alltid har hatt storasøstero med seg i barnehagen er det og litt uvant. Og litt "ujettfejdi" som han sjøl seier.


Eg husker sjøl første skuledag, mest den nye ranselen og følelsen av å vera stor. Kanskje huskar eg endo betre når alle dei andre gjekk på skulen og eg hadde endå eitt år igjen før det var min tur. Mange av mine venner var eitt år eldre og eg huskar godt at eg venta  på dei til skuledagen var over og eg kunne gå dei i møte.

Det har vært godt med helg og alle inntrykkene har fått synka litt inn. Nå har det blitt ro i huset, og me e snart klar for ei ny veka. Denne veka starter dei fleste aktivitetane opp igjen etter sommare. Så om det ikkje var sving på hjulet fra før, så blir det jaffal det nå.
                                

torsdag 12. august 2010

*Gilleleje


Me har vært på tur. Til barndomsplassen til Mannen. Det er ein flott fiskelansdby i Danmark med liv og røre om sommaren.  Verdt eit besøk.


Me har hatt tid til kvarandre, til å sjå, shoppe, leike, kose, spise, preike og lese...


og ein etterlengta dag på stranda.
været var varmt, men desverre ikkje noko til strandliv, men heldigvis blei det flott ver dagen før me skulle heim. me var raske med å komme oss til stranda den morgonen.



og veslajento fekk ei kyse av svigermor. kan tru den var flott. ho hadde kjøpt den på antikkforretning. tenk at den hua har ein historie...




me har hatt ein flott ferie. sjølv om eg er heime i permisjon var det utrolig godt å reise vekk når Mannen fekk ferie. kroppen slapper av på ein anna måte og det blir tid til andre ting. deilig.

tirsdag 27. juli 2010

*søskenkjærlighet

på morgenkvisten. litlajento er blitt  sju veker og kameravant.





mandag 26. juli 2010

*strandliv


bildet gir ein følelse av ro og stillhet. sannheten er at bak fotografen var det eit yrande liv av tanteungar og andre ungar, herlig.







utstyret må vera i orden





endelig kom sommaren her til vestlandet. og me var ikkje seine med å dra til sjøen for å nyta. å hørra bølgeskulvp, leite etter småkrabbar i tangen, berre sitta med sjøkanten. det er og noko som ladar batterier.

det e i livet.

søndag 25. juli 2010

* til skogs

Kan du høyra trea susa?


Me har vært til skogs og plukka blåbær. Her blir mine batterier lada opp. Og her er det nok av leiker for ungane, berre ein slepp fantasien laus.


Me traff på Huldra og Knerten, faktisk opp til fleire Knertar.

Det blei ikkje noko syltetøy  i denne omgang. Me bare måtte smaka...


For nyplukka blåbær med melk,  som ein har vært med og plukka sjølv, kva er vel bedre det?

lørdag 24. juli 2010

*liv

fira ungar er


 

tidlige morgonar
liv med frukostbordet
ei vaskemaskin som går heile tida
underlige spørsmål som blir stilte
fingermerker på tapeten
konstant lyd i huset
samhold
krangling
kjærleik
latter
grining
smil



- eit liv eg ikkje vil vera foruten

fredag 23. juli 2010

*dagens


Skumle Bosse holder utkikk!!


Og når sola er på veg ned, og leiken blir til drømmer.
Ingen er så god som du, da....
Ingen er så god som du.

torsdag 22. juli 2010

*sommar

Innimellom skyene kjem sola. Då hiv ungane av seg kledno og vil bada...






Det er varmt inne, og den vesle tulla ligg i bare armer og bein.



Ein høneblund.



Tankefull. Kordan skal eg få ut den andre tanna mi som er laus, uten at det gjer vondt?



Me har akkuratt vært hos tannpleiar med triåringen. Ti tenner oppe og ti tenner nere. Alle fri for Karius og Baktus. Med ny tannkost og tannkrem får me kanskje tannpussen til å gå som ein lek...

Ha ein fin torsdag.

onsdag 21. juli 2010

Snart

...kan me kanskje høsta de første frukter fra drivhuset.


Det bugnar med ferskener.
Nå treng eg idear kva eg kan gjera med dei.
Syltetøy, laga ferskenis...


Og over ferskentreet heng det klaser av druer...

Her på vestlandet er det ikkje mykje som minner om sommar.
Dagane regnar desverre vekk.
Men om ikkje lenge reiser me til Danmark. Me gler oss til å treffe familie og til sol og varme. 

Håpar du har ein fin sommarkveld der du er!


mandag 12. juli 2010

Ein slags gaveleik...

I blogglandia så kjem det give aways i hytt og pine. Dette er jo ein fin måte å få vist bloggen sin på, og ein kan finne fine bloggar som ein ellers ikkje ville fått mulighet til å bli kjend med.
Men sjølv om eg ser det positive i give aways, så er det ett eller anna som ikkje er så tiltalande med dette fenomenet... og eg hadde i utgangspunktet tenkt at min blogg skulle vera ein give-away-fri-blogg.

Men i eit svakt augeblikk så har eg slengt meg på likavell. ;)
Mona som bloggar om kvardagen med Daniel frista meg til å hoppa uti.
Og sjå kva lekkert som dukka opp i postkassen min:

Denne lekre vimpelen har fleire potensielle steder som den kan henge, blir det barnerommet, eller leikehytta eller...
Men dette ein litt annleis give away. Det er ein slags gaveleik som Mona arrangerte i slutten av april. Den fungerer slik at dei tre første som kommenterer på innlegget får ein liten pakke i posten. Når pakken kjem så viser du gaven og linker til kven du fekk den i fra. For å halda det i gang så blir det vidererført på denne måten...

Så vil du vera med så sleng deg på!!

søndag 11. juli 2010

Ut på tur!


I går var me på tur til Sandbekken. Og her såg me mykje fint kan du tru...


Fem minutter etter start så såg me ein hare som spratt forbi. Wow! Eg trur eg bare har sett hare "live" ein gong før. Ganske stiligt!

 


Me fant mengder med markjordbær og mongen kjempefine pinnar og kongler som me ikkje har maken til hima...



og me fant blåbær... og dei e' det vanskelig å gå forbi!

Her fant me ein gammal grunnmur, spennande...


Kim bur her tru??


Stien føre farm til ein flotte plass. Så stille og rolig.


Her var mongen fine steinar som me kunne ta med i steinsamlingen, den ligge i vinduskarmen.


Dei tøffaste av oss fekk av seg kledno og bada. Det e sommar men ingen badetemperatur. Desverre.



ein ensom sykkel...


Myggen angreip oss ganske raskt etter ankomst, så me kom him med fleire stikk enn når me drog.
På vei him fant me to froskar og ei padda...

Ka' finne' me i dag tru?