lørdag 1. mai 2010

Panikken tar meg...

I motsetning til innlegget for nokre dagar siden, kor eg var frustrert over dei nye permisjonsreglane, er dette om rake motsetningen. Panikken som breier seg i kroppen.Det nærmer seg permisjonstid, og eg skal bare glede meg. Og eg gler meg. 70 % av meg gler meg til alle dei husmoroppgavene eg skal ta fatt på. Men dei resterande 30 % har fått full panikk. Eg har ein jobb som eg stortrivst i. Det krever heile tida fagleg oppdatering, eg treffer utrolig kjekke kollegaer, og ikkje minst kontakten med menneska som eg treffer via arbeidsplassen. Det savnet kan desverre ikkje denne permisjonstida bidra stort med til å dekke.

Så nå sitter eg her... grubler og søker. Kanskje eg skal finne eit lite studium å lese på mens eg tråkker her heime.  (Har fremdeles ikkje innsett at det kjem til å bli travelt med fire ungar som skal følgast opp) Men la meg leve i trua... den travle kvardagen kjem nok tidsnok og innhentar meg. Så ambivalent. Og så utrolig frustrerande.

Ha ein fin 1.mai dag!!

1 kommentar: