søndag 9. mai 2010

Ord over grind...



Du går fram til mi inste grind
og eg går og fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli. 


Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.


Står du ikkje der ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.


Så lenge eg veit du vil kome i blandt
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

(Halldis Moren Vesaas)

Ha ein fin søndagkveld!

1 kommentar: