tirsdag 8. juni 2010

Natt til 1. juni...

Så var ventetida endelig over...



Natt til 1. juni kom jenta som vi har venta på og gleda oss til å treffe. Me hadde planlagt å vera heime denne gang. Og det var me alle spente på. Me snakka om det med ungane og prøvde å forberede dei så godt me kunne.

I dette svangerskapet har eg gått til privat jordmor for oppfølging. Ho arbeider også på sjukehuset og har tatt i mot dei andre to borna våre. Så tanken min var at kanskje eg var så heldig å få ho denne gang også. Under første samtale kom vi til å snakke om heimefødsel. Frøet var sodd. Eg visste at dette var det rette for meg. Eg gjekk heim og begynte å dele tankane mine med Mannen. Eg søkte informasjon om heimefødslar og blei raskt fortrolig med tanken.

Når det nå nærma seg termin så auka spenningen og forventningane mine, kunne dette bli bra? Eg har stor tru på kvinner og kvinners evne til å føda. Eg var aldri i tvil på at dette skulle eg klare. Men likevel var er eg redd eg laga meg forventningar som ikkje kunne innfris.

Mandagskveld rundt kl. 20 ringte jordmor Eli til meg. Ho lurte på korleis eg hadde det, om eg kjente noko. Det gjorde eg ikkje. Ingenting. "Trur ikkje det skjer noko denne veka" sa eg. "Men eg gir ein lyd visst det skjer noko forandring". Eg var nå 38 + 1 i svangerskapet.

Berre nokre timar seinare startar riene. Klokka er 23.20. Det var "klassiske" rier som varte i ca. 30  sek. og dei kom kvart 10 minutt. I starten tenkte eg at dette var lureri og at det sikkert kom til å gå over, men dei var såpass vonde at eg måtte opp å gå under riene. Eg såg på klokka og tenkte at eg skulle ringe jordmor kl. 01 om dei ikkje var gått over. Tenkte at tredjemann er ofte ein luring...

Klokken 00.45 vekka eg Mannen. " Eg trur det er i gang" ! Han stod opp, gjekk på kjøkkenet og satte over kaffi. Akkurat som om dette var det mest naturlige som fantes. Ingen stress, det var stille og rolig. Ute var det lyst/ skumring og varmt. Eg ringte jordmor samtidig ca. kl 00.50. Sa at "det muligens er på gang", og forklarte korleis eg hadde det. Ho ville komme for ein sjekk.

Ho har var heime hos oss ca. 01.25. I mellomtida hadde riene auka på, dei kom nå svært tett. Vi var på kjøkkenet. Der var det varmt og godt og god plass til oss tre. Planen var at vi skulle være på badet, men så langt kom vi ikkje. Etter at jordmor Eli kom så var det så intenst at eg ikkje klarte å forflytte meg. Mannen og jordmor danderte rundt meg med sengtøy og handklær. Dei støtta meg og roste meg for jobben eg gjor. Det gjekk fort.

Kl .02.20 kom ei frisk og velskapt lita jente. på 3100 gr. og 49. cm lang





Ungane sov seg gjennom det heile. Me låg i dobbeltsenga når ungane kom etterkvart som dei vakna. Ein etter ein. Me brukte formiddagen i senga og bare såg og strauk på det nya familimedlemmet. Endelig var ho her!



Eg er så utrolig takknemlig for at eg fekk oppleve dette. Uten samanlikning er dette den finaste opplevelsen eg nokon gong har hatt. Eg føler meg heldig.



ein fin bukett...



4 kommentarer:

  1. For en fantastisk opplevelse!! Hørtes veldig flott ut, og jeg fikk nesten lyst på hjemmefødsel neste gang selv ;)
    Gratulerer igjen! Håper dere koser dere i barseltiden.

    SvarSlett
  2. Takk for gratulasjoner! Er verdt å undersøke i hvertfall... Ikkje stress med gaveleiken...ting tar den tid det tar! ;)

    SvarSlett
  3. - Sånn skal det gjøres, min venn!!! Verken mer eller mindre!
    Kos dere alle sammen. Vi er med dere i tankene, og gleder oss masse over den lille! Klem.

    SvarSlett