mandag 26. april 2010

Fødselspermisjon/ fedrekvote....

Nå nærmer det seg jaggu snart tid for å gå i fødselspermisjon. Har to veker att på arbeid så to veker ferie og deretter i permisjon.

Når førstemann blei født i 2004 så satte eg meg ikkje skikkelig inn i permisjonsrettighetene. Eg begynte på skulen då ho var 6 månader. Det var tøft, men prioriterte å lese mykje heime. Rolla som småbarnsmor og student gjekk fint an å kombinera. Andre mann fekk eg når eg var nyutdanna. Eg såg fram til ei fin og rolig tid heime. Men det skjedde triste ting før eg fekk guten min. Svigerinna og bror min mista sin vetle prins nokre månedar før. Permisjonstida blei alt anna enn eg hadde forestilt meg. Eg  vart rastlaus og hadde ei søken etter å koma ut i arbeid. Eg gjekk derfor ut i arbeid då han var 7 månedar og hadde graderte fødelspenger, noko som fungerte greit.

Denne gang hadde eg sett frem til å vera heima i 44 veker med 100 % lønn. Men frå 1.juli 2009 kom det nye permisjonsregler. I følge NAV så er stønadsperioden for foreldrepenger 46 uker med 100 prosent stønad eller 56 uker med 80 prosent stønad. Permisjonstida er altså blitt totalt forlenga med to veker.  Min første tanke er at dette er positivt.
MEN så kjem dei nye reglane om kordan ein skal fordela stønadsvekene mellom mor og far. Tidlegare har seks veker vært forbeholdt far, resten er valgfritt korleis ein vil fordela.

Tre veker før og seks veker etter fødselen er forbeholdt mor. Nå er ti veker er forbeholdt far. Det vil sei at eg har kun rett til 36 veker med 100 % lønn, eller 46 veker med 80 % lønn. Min mann er sjølvstendignæringsdrivande. Eit ganske nytt fortetak og har ikkje mulighet til å benytta seg av desse ti vekene, som me dermed mistar.

Dette burde vært opp til kvar enkelt familie. Eg synes ikkje dette er familievennlige endringar, ei heller at dette er til det beste for barnet? For når far ikkje har mulighet til å ta ut fedrekvoten må dermed barnet tidlegare ut i barnehage eller til dagmamma.

Eg kan forstå tanken bak lovendringane. At far skal få koma meir på banen heime. Dette er ein god tanke, men korleis far og mor velger å fordela permisjonen burde vært opp til kvar enkelt familie og deira økonomiske situasjon.  Eg synes at endringane skjer over hovudet på ein og at muligheten til å vera med til å påvirka er liten.

Eit frustrande sukk i kvardagen...

3 kommentarer:

  1. Heisann:) Helt enig at foreldre selv burde få velge!! Fedrene skal vær hjemme sier politikerne,og bryst er best sier helsevesenet... Er faktisk glad jeg er ferdig.
    Kos deg hjemme,ser deg ikke mer vi da.. Klem fra Charlotte<3

    SvarSlett
  2. Me treffest nok plutseligt skal du se... ;)
    Gode klemmer tilbake.

    SvarSlett
  3. Jeg er helt enig!!! Vi var lenge usikre på om min kjære fikk tatt sin pappaperm. Heldigvis fikk han tilfeldigvis 6 uker fri imellom to oppdrag. Det var bare ren flaks, og jeg tviler på at vi får til det samme neste gang. Det er jo utrolig bittert å gå glipp av de ukene..
    Så koselig at du vil være med på gaveleken :) Jeg kommer som sagt sikkert til å bruke litt tid på å få sendt avgårde noe da. Fint om du kan sende meg adressen din på mail: monablogg@gmail.com

    SvarSlett