søndag 25. april 2010

I morgon i morgon, men ikkje idag...

Det har seg sånn at til mindre fysisk arbeid eg kan gjera, til meir boblar det over av idear i topplokket. Men NÅ er det altså stopp. Ingen fleire prosjekter før eg har avslutta nokre andre. Dette seier eg med stor overbevisning til meg sjølv, kvar kveld.  Eg er heilt nødd til å bruka ideboksen min. Skriv det ner, putt lappen oppi og lat att lokket.  Men ikkje i kveld.

Tross sjuk Bosse, som har tatt knekken på nattesøvnen den siste tida, har eg fått kjøpt inn bøkehekk til grøfta, og fått henta mold. Nå gjenstår plantinga. Eg har og kjøpt meg eit lekkert Magnolia tre (satisfaction), det SKAL forevigast med bilder på bloggen. Bare ikkje i kveld.

Ellers så har eg strikka litt til nurket. Det går i små bodyar og ulltruser. Dei er så små og lekre... Eg tenkte eg skulle ha ein oppsummering og vise frem dei små lekre strikkeplagga. Kanskje i morgon??

Så lurer eg på om det er nokon som spis opp tida mi? Dagane går forrykande fort og eg føler eg ikkje heng med. Me er i slutten april, og eg som nettopp las 1. april på kalenderen! Det er så mykje eg skulle hatt gjort. Ikkje minst vera tilskuar og bare nyte tida.Det blir i kveld.

I morgon er det starten på ei ny travel arbeidsveka. Herlig.

Fin søndag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar