mandag 22. februar 2010

Inspirasjon til å rydde



Ja, tenk, etter å ha vært innom krabbelure som hadde sortert i knappane sine det tok ikkje lange tida før eg sjølv hadde gjort spisebordet om til eit sted som såg ut som ville ta ein heil føremiddag å rydda. Eg fekk sortert i knappane og trådsnellene, garnet, og ikkje minst korga med ulike stoffrestar. Så det kan lønne seg å lesa bloggar...:))

Men av å rydde i sysakene får ein også oversikt over kva ein har, og kva ein gjerne skulle hatt meir av. Eg har ei GOD bok av Kathrine Gregersen, med mange fine idear og som gir inspirasjon til gjenbruk. I denne boka har eg funne ei fin oppskrift på ei vognleke. Og trur du ikkje eg fann restar av mandarin garn i korga mi... Så nå kan det sjåast ut som eg finn fram heklenåla, men først må ungane få sin del kinderegg, som er fyll til denne flotte vognleka.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar