søndag 17. april 2011

Ein oppdatering...

Nå er minsten over 10 måneder. Ho er travel og har nesten ikkje tid til å la seg fotografere.



Ho krabber og kryp, står der ho kan kome seg opp og balanserer rundt bord. To tenner kom rundt 8 mnd. og ho starta samtidig med å sova rundt! (hipp hurra!!).
Ho er pratsam og har kome med sine første ord. Ta, ta- som betyr takk. Ha d! - hadet. Mamma og litt pappa innimellom.



På veg til fotografen.



 Mens han her velvillig stiller opp for fotografen. Men på hans premisser. Han er regissøren.


Ta bilde NÅ, mamma, og NÅ!



Ønsker alle ein fin fin påske. Her skal det bli tid til litt av kvart, ikkje minst, - å bare vera samen.



torsdag 10. februar 2011

*sjuåring i hus

Sju år har gått siden mi første tulle blei født. Eg må legga hovudet i blaut nokre minuttar for å hugsa det heile. Og så kjem dei, minnene, kjenslene.

Det var rart. Alt i saman. Fra fødselen var i gang, til ho plutselig var der. Det var ei utruleg kjensle å ha fått eit barn, eit menneske som eg hadde ansvaret for. Det føltes stort og skremmande. Ho var så fremmande. Heilt annleis enn eg hadde sitt føre meg.

Ho var så liten, som ei dukke. Og så utrolig fin.

Og finare har ho blitt. Ei prinsesse med stor P. Ei skulejente med krav og mange gjeremål. Liten tid til å sitja på mors fang, ho skal ut. Erobra nabolaget, vera ute med venner. Ho vil synga og ho vil dansa, ri og spela med ball. Ho vil symja og kunna klokka, ingenting skjer raskt nok.

Det er min sjuåring, som eglar småsysken og trøystar dei etterpå. Lager frukost til mammen og pappen og "les"  stolt til broremann.

Så på laurdag blir det fest. Med ballongar og det som høyrer til. Det skal feirast ut i dei små nattetimar og søndagen med!

torsdag 27. januar 2011

*Iben




Snart åtte måneder. Og full fart. Ho åler seg fram, og får tak i det ho vil. Koser og prater. Ein super alder og litt roligare enn månedane me har i vente. 1 -2 års alderen har desidert vært dei travlaste med dei to andre, så eg har noko å sjå fram til!

torsdag 16. desember 2010

*Den dag kjem aldri

Eit av dei finaste dikta eg veit om er dette som er skrive av A.O Vinje. 


Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg um deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart meg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

Du kan og høyra den her; Den dag kjem aldri sunge av Christine Guldbrandsen

onsdag 15. desember 2010

*Jakten på julestemninga

Kvart år når jula er over meg,  tenker eg " Neste år, då skal eg vera meir i nuet, ta det rolig i adventstida, bake kaker som EG har lyst på. Eg vil lage julepresanger som er merka "made by", og er laga med kjærlighet og omtanke til den personen den er tiltenkt. Eg skal ikkje vera sjuk, men frisk og full av energi og sprett opp av senga om morgonen- klar til å ta sats". Dette har eg tenkt nokre år...

Når julestria herjar som verst, kjem det gnagande samvitet, i tillegg til andre gjeremål. Som å vaska på dei mest utenkelige steder, ha juleverksted med avanserte veiledningar, heimelaga advendtskalender, ikkje med pakkar, nei! - med brev i frå nissen, istedet for å gjera det enkelt.

Men kva hugsar eg frå i fjor... Jo eg hugsar dei gode tradisjonane.

Juletrehentinga i skogen, med graut og småprat med slekta. Det er ein så fin tradisjon at eg mest gler meg meir til juletrehentinga, enn sjølve julafta.

Eg hugsar ungane sin enorme spenning, glede av at dagen endelig er her.

Så sjølv om julestria herjer som verst, så har me mennesker, (i allefall eg), ein utruleg evne til å gløyma stresset og berre hugsa dei gode minnene...
Og det er nå endelig godt. For jula den kjem kvart år, om me er klare eller ei.

tirsdag 14. desember 2010

*vannkopper/ kaffikopper

Virusinfeksjoner herjer i omgangskretsen og nå var det vår tur.
Litt forkjølelse og vonde halser,  og så kom dei spennande vannkoppane som så mange andre rundt omkring har hatt.

For dei to eldste så trur eg det var litt spenning med vannkoppane. Me visste at smitten var på skulen og barnehagen. Så me har kikka og leita itte dei ei stund. Så lykken var stor då endelig dei første prikkane kom. Det var heilt til dei fann ut dette klør...
Det gjekk overraskande fint med ho eldsta. Med litt småaktiviteter, ein film og kos så glemte ho kløen innimellom.

Med dei to minste er det noko kjedeligare. Dei har fleire vannkoppar og det ser ut til at dei klør meir. Kvitvasken demper kanskje litt, men eg synes ikkje det er noko vidundermiddel.

Bosse ville ikkje ha vannkopper etter at dei begynte å klø. Eg fekk ikkje lov å sjå på dei og ikkje smøra dei. Så me bytta navn til kaffikopper, og då blei det litt bedre. Nå får eg (såvidt) smøre kaffikoppane, har gitt opp å telle dei. Dei to minste har også feber og er meir sjuke. Men i dag er det fjerde dagen, så tenker at når dagen i dag er overstått er det versta over.

Eg klør i medlidenhet.




Her har goingen satt på ein cd med klassiske barnesanger og sunger me av full hals. Då blir kaffikoppane glømt for ei stund.


Iben gullet, er berre lei, vanskelig å finna roen, og ingen trøst varer så lenge om gangen.

I dag morges var det to rådyr i hagen- har eg ikkje hatt julastemning før, så kom den iallfall nå. Julenissen sine "reinsdyr" var sååå fine.

onsdag 8. desember 2010

*tid for ettertanke

Tida som husmor gjev tid til ettertanke. Om alt mulig.

Nå har eg vært hima siden mai måned. Det har vært fint, men nå vil eg ut. Eg er ikkje den fødte husmor. Kunne så gjerne ønska at eg hadde trivst med å gå i pysjen til langt ut på dag, var kreativ og full av pågangsmot til å ta å ta fatt på neste dags husmorsoppgaver. For dei er så viktige. Kanskje dei viktigaste me har.

Men eg må erkjenna at eg funker best litt "ute" og mest hima. Eg savner jobben, "innputten", kollegaene og utfordringar.

Det er liv og røre i huset heile tida, og når ungane er lagde er eg slips. Her er det såvidt pynta litt til jul, baksten let venta på seg, og jula kjem med stormskritt. Det er ambivalent, eg likar juleførbuinga, ungane sin spenning og begeistring, men den fører også med seg så mykje "må gjera" ting...

Ser rundt på bloggar om julebakst og juleeventyr, alt ser så fint og idyllisk ut. Eg beundrar energien og alt dåke får gjort...

Eit hjertesukk. ;)