tirsdag 28. juni 2011

* ta vare på mamma

Lesing er prioritert i sommar.



Eg har nett lese boka "Ta vare på mamma" skriven av Shin Kyung- Sook. Ho blir omtalt som ei av Koreas fremste og mest leste moderne forfattar.  Boka kom ut i 2009 i heimlandet og har blitt solgt videre til 23 land.

Shin Kyung-Sook har skrive ei djupt rørande historie om ein familie som leitar etter mor si - om lengslene,
hemmelighetene og smertene som dei oppdagar at ho har gått og bore på. Det er under eit familiebesøk i storbyen Seoul at mamma forsvinn. Ho var rett bak ektemannen når han gjekk på toget, og så var ho plutseleg ikkje der lenger.



Boka bring fram kjensler, kjensler om eigen histore. Kven er mi mamma, kjenner eg ho eigentleg? Som mamma i boka seier om si eiga mor; "Visste mamma det? At jeg trengte henne hele livet også?"





Ha ein fin tirsdags kveld!


.

2 kommentarer:

  1. Spennende boktips. - Du er så flink til å lese. Jeg blir inspirert til å sette dette høyere på prioriteringslista jeg også!

    SvarSlett
  2. Jeg leser masse også- og denne sommeren er som skapt for ferie i bøkenes verden! KOs deg med lesingen :)

    SvarSlett