onsdag 17. mars 2010

Venter i spenning...

Eg hugsar godt då eg var mindre og hadde brevvenner. Dei fleste hadde eg truffe på ferie, og hugsar eg rett så hadde eg vel ei brevvenninne som eg hadde fått gjennom eit blad, for der var det mange som søkte etter brevvenner. Eg kan endå hugsa gleda og spenningen av å finne brev i postkassen

Og eg kjenner meg så igjen i dotter mi. Hu traff ei jente når me var på ferie på Kreta, det var vel kanskje oss vaksne som utveksla adresser. Men gleda ho utstråler av å få brev er fantastisk, spenningen når ho åpner brevet, og øyrene som står på stilk når eg les høgt. Og brevet, det søv ho med under puta.


Videre er planleggingen av brevet ho sjølv skal "skrive" og teikningane som skal vera med uendelig lange. Ho har mykje å fortelja. Når brevet er klart er det stor stas å gå på postkontoret. Nå må me vera flinke å få det avgarde, for kanskje er det ei spent jente som ventar på svar...

Enda synes eg det er stor stas å få "ekta" brev i postkassen. Kjekt med mail også, men desse breva har liksom ei anna ro og omtanke over seg.

Ha ein fin onsdag, kanskje får du brev i postkassen idag?


1 kommentar:

  1. Så stas å høre at hun ble glad for å få brev. Jeg skal vise bloggen til jenta mi i morgen, - så får hun se bilde av brevet hun sendte :)
    Det er morro mer brev, både å lage og å få! Gi lillemor en klem fra krabbelurene!

    SvarSlett