onsdag 10. mars 2010

Jentekveld 8 mars- som balsam for sjela....

Etter ei travel veke på jobb og jobbehelg såg eg fram til jentekveld på mandag. Eg sank ned i godstolen og blei oppvarta med fyr i peisen, nåke godt i glasset, fantastisk god mat og koslig selskap.
"Jentene" var mamma, meg søskenbarn og tante. Matriarkatet i familien. (Matriakat er gresk og er basert på det forhold at moderskap og status som mor gir kvinnene rett til å styre samfunnsforholdene, både økonomisk og sosialt.  «Makten» er erhvervet gjennom vår status som mor eller kvinne.)

Matriarkatet går årlig på jentetur i fjellet om hausten, og treffest for handarbeid, prat og kos innimelom.

Me fekk servert ein salat med nydelig fetaost, grønne oliven, avokado, og freste gresskarkjerner. Til salaten fekk me himalagt tzatziki og ferskt foccaciabrød.


Som balsam for sjela...

Som eg har skrevet før så har eg eit "langtidshandarbeidsprosjekt" med å sy belte til hardangerbunad. Men for å ikkje gå heilt lei så gir eg meg sjølv friperiodar til å sysle med andre prosjekter. Denne kvelden var satt av til akkurat det. Og etter et par oppfriskningrundar med hekling blei resultatet slik...


 Nå gjenstår å brodere ansikt på disse småtrolla, sette strikk i og vips så har eg ei flott vognleike som eg kan ha sjølv eller gi i barselgave.

Medan eg venter på at snøen skal smelte ute, er tida for å rydde huset og kanskje finne frem andre syslerier.

Imens~ ha ein fin fin vårlig onsdag.

~Inghild~

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eg trur eg må be om å få oppskrifta på det heile, var knall godt!!

    ~inghild~

    SvarSlett