onsdag 14. april 2010

Me har ein plan...

Nå er me igang med å lage uterom i hagen. Sol og gode værmeldinger var med og bidro til at me fekk gravemaskin (med bror min som sjåfør) på plass. Grøft er blitt gravt til hekk, og ei grøft til forskaling.
Forskalingen blir med tida ein del av ein vegg, kor me skal ha ei sitjegruppa. Noko av plenen var også ujevn, så den fekk litt ekstra mold slik at den blir jevnare. Nå må me tromla litt og så frø.


Øverst ser me to konsentrerte og dyktige graverar. Til venstre er det hanskane som tar seg ein velfortjent pause. Bilete til høgre viser grøfta kor hekken skal plantast. Grøft på tvers skal det forskalast, og med tida komma ein vegg og to, og eit halvtak.

Det som er mest spennande er hekken som me skal planta. Hekken er på ein sentral plass i hagen, kor den vil laga ein liten vegg/ avgrensning mellom ein sitteplass og lekeplassen til ungane. Me har ikkje bestemt oss for kva slag hekk me skal ha, her er det mange hensyn å ta. Skal den vera vintergrønn? Blomstrande?

Temperaturen har også gjort at det har blitt god fart på sakene i drivhuset...


Ein forsmak på sommaren?
Bilde viser petunia, rosetreet som er i ferd med å danne nye skudd og mitt ferskentre som har slått ut i full blomst.

Nå skal eg ut å nyta sola!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar