Pynt i drivhuset må til...
Ferskentreet med søte knoppar
Faste gjester i drivhuset er tomater (gule tomater, busktomater og cherrytomater) og agurk. Ellers prøver eg meg fram med litt nye ting kvart år. Har hatt sukkermais eitt år, resultatet var to maiskolbar. Dei ødela derimot mykje for dei andre plantene mine for bladverket tok ein del lys og så kom det ein del småkryp. I år fekk seksåringen velja frø, og ho ønska å prøva vannmelon. Dei er sådde og spirer velvillig. Det blir spennande å sjå resulater...
Eg liker å prøva nye ting i kjøkkenhagen, helst ting som gjer seg litt sjølve. I år tenkte eg å setja poteter. Nå har eg fått nokre gode råd, så nå må eg bare bestemma meg for kva slag eg vil ha. Faste gjester i kjøkkenhagen er gulerøtter og reddik. Kunne godt tenkt meg å prøvd noko anna også. Kom gjerne med forslag!!
Nå når våren har komt og eg velvillig går ut i hagen, stanser inneprosjektene opp. Sykorga blir satt i ein krok og interørbladene ligg uleste. Det kjipaste er at eg satte mannen i huset til å rive hyller, lister og etc. i gangen slik at eg kunne pusse opp der... men nå er det liksom alltid noko å ta seg til ute...
Idag når eg stod opp så var det forresten kjøttmeis som inspiserte fuglekassen som me hang opp tidlegare. Det blir spennande og sjå om dei blir dei nye naboane.
Mens eg skal på arbeid i ettermiddagkveld, ønsker eg deg ein fin fin fredag(skveld)!
Ikke alltid så lett å samle seg om en ting av gangen nei! Så gøy at du har drivhus. Det står på min ønskeliste, men jeg synes liksom ikke jeg har tid ennå...og ikke er fingrene mine så veldig grønne heller, dessverre...Jeg gleder meg til å følge spirene dine videre. Ha en god helg!
SvarSlett