I dag har eg og ungane ein rolig himadag. Me har ligget lenge i sengen. Ingen hastverkfrukost, men varme skiver og tid til prat. Og tid til å tenka.
Sånne dager innimellom turnus er ubeskrivelige. Eg er
gravid og snart 31 veker. Kjenner at trøttheten "tar" meg litt, men har det ellers veldig fint. Synes sjølv at eg er inni den beste delen av svangerskapet. Det lille nurket er kjempe aktiv, og eg gleder meg nå veldig til å bli kjent med dette vesenet. Navn blir diskutert og magen er såpass stor at ungane har begynt å spørre om
kva tid babyen kjem.
Det som er heilt nytt for oss denne gang er at me går med planer om
heimefødsel. Det føles veldig rett for meg og etter kvart som tida går så bare gler eg meg til fødselen. Eg har mange grunner for at eg ønsker å føde heime. Kanskje er eg litt alternativ, men føler også oppriktig at dette er det beste for meg og babyen. Har hatt to fine,
raske fødslar, på sjukehus. At det har gått fort er hovedgrunnen til at eg ønsker å vera heime. Men også tanken på at det er jordmor som kjem heim til oss og eg kan bare konsentrere meg om det arbeidet eg skal gjera. Eg skal ikkje stressa ut. Men også tanken på at etterpå er det bare oss. Familien. I fred og ro bli kjent med eit nytt medlem, og styra sjølv besøkelsestid.
I svangerskapet går eg til kontroll hos ei fantastisk jordmor som har tatt imot mine
to første. Og ho driv også med heimefødslar, så planen er at det er ho som kjem
heim til oss. Tanken på å ikkje nå frem til sjukehuset har stresset meg, men nå når det er dette som er planen så har
roen senka seg.
Det er selfølgelig også ein tredjepart i bildet, pappen. Han er naturligvis meir
skeptisk enn meg. Men etter å ha lest litt om risiko ved heimefødslar og fått høyre litt om korleis dette går føre seg så har eg stor tru på at dette kjem til å bli ei fin opppleving og at dette er det rette for oss.
hjemmefoedsel.net er ei dansk nettside som eg har brukt mykje. Eg har også lånt film/ blad av Fødsel i fokus. Og selfølgelig jordmora som eg går til, er uvurderlig i form av informasjon og støtte.
I starten så var tanken på heimefødsel nytt og eg hadde behov for å lese om risiko, erfaringar etc. Og hadde derfor heller ikkje behov for å fortelja det. Me mennesker er forskjellige og me har ulike behov, også ved ein fødsel. Me må me velga det som kjennes rett ut for ein sjølve. Men at me har muligheten til å
velga heimefødsel burde vært meir
opplyst. Me har fritt sjukehusvalg, men det er ikkje mange som opplyser om at heimefødsel er eit alternativ på svangerskapskontrollane. Hadde eg vært meir klar over denne muligheten ved barn nummer to, er eg ganske sikker på at dette ville blitt utfallet.
Nå bare gler eg meg.
Kordan er det med dere andre i blogland, nåken som har hatt heimefødslar eller vært klar over at dette er eit alternativ?
Nå skal meg og ungane ut å kosa oss, kanskje fyrer me opp i "gryto" og griller et par pølser. I ettermiddag blir det kjøring til aktiviteter og selskap.
Ha ein fin torsdag!!