torsdag 25. februar 2010

Pysjamasfaktor...

Denne veka er det vinterferie for skuleungar, og for dei som har mulighet til å ta seg fri. Desverre er det full rulle hos oss denne veka med jobb og barnehage. Men nå idag har eg og ungane hatt ein fridag med STOR pysjamasfaktor. Så då går eg rundt her og tutlar på og lader batteriene, først når det har blitt kveld igjen og batteriet er nærmast fullt kjem ideane om alt eg har lyst å gjera neste fridag...

Kanskje det då er påtide å ta ned resten av julepynten? Eg har ei grein vrihassel (også kjent som trollhassel) som er så utrolig fin med glasenglar i, hengande over kjøkkenbordet.


Kanskje pyntar eg den med noko anna for ei stund, eller finn eg eit nytt sted til greina. Drivhuset likar eg også å pynte med enkle ting som ikkje rommar for mykje...



Når sant skal seiast så har me også fri i morgon, men me ventar besøk "langvegsfrå" så eg har planar om å laga vaniljesnippane til Kasparas regnbue...
VANILJESNIPPER
50 g gjær
4 dl matfløte
100 g mjukt smør/ margarin
4 ss sukker
3 ts vaniljesukker
1/4 ts salt
2 egg
ca. 12 dl hvetemel

Fyll:
Ferdig tykk vaniljekrem kjøpt i butikken

Glasur:
Bland melk og melis. Noen dråper med romessens i smaker nydelig!

Lunk melken og rør gjæren ut i den. Ha i smøret i små klumper og tilsett sukker, vaniljesukker, salt og egg. Rør om. Ha i mel og elt sammen til en smidig deig. Heves i en halv til ein time. Del deigen i to emner og kjevle kvar del til en leiv ca. 32 x 40 cm. Del denne opp i firkanter på ca. 8 x 8cm. Legg en klatt vaniljekrem i midten av firkanten og brett sammen til en trekant og trykk godt rundt kanten, så kremen ikkje renner ut.
Hev snippene ca. 30 minutter. Pensle med egg og stek dem ved 225 grader midt i ovnen i ca. 8 minutter. Melisglasur tas på mens snippane er lunkne.

Dei ser utrolig gode ut, får vann i munn bare ved tanken... Etter baking og prøvesmaking så bør vel me også ta skia på og prøve snøen som kom idag...

Ha ein fin fin torsdagskveld!!

2 kommentarer:

  1. Takk for hilsen og masse lykke til med vaniljesnippene! De smaker himmelsk godt, så gjestene dine blir nok glade og fornøyde!
    Ha en god natt og en fin morgendag!
    Stor hilsen fra kaspara

    SvarSlett
  2. Vaniljesnippane blei ein super suksess. Dei kjem til å bli ein gjenganger her i huset!

    TAkk for god oppskrift.

    SvarSlett