Kvart år når jula er over meg, tenker eg " Neste år, då skal eg vera meir i nuet, ta det rolig i adventstida, bake kaker som EG har lyst på. Eg vil lage julepresanger som er merka "made by", og er laga med kjærlighet og omtanke til den personen den er tiltenkt. Eg skal ikkje vera sjuk, men frisk og full av energi og sprett opp av senga om morgonen- klar til å ta sats". Dette har eg tenkt nokre år...
Når julestria herjar som verst, kjem det gnagande samvitet, i tillegg til andre gjeremål. Som å vaska på dei mest utenkelige steder, ha juleverksted med avanserte veiledningar, heimelaga advendtskalender, ikkje med pakkar, nei! - med brev i frå nissen, istedet for å gjera det enkelt.
Men kva hugsar eg frå i fjor... Jo eg hugsar dei gode tradisjonane.
Juletrehentinga i skogen, med graut og småprat med slekta. Det er ein så fin tradisjon at eg mest gler meg meir til juletrehentinga, enn sjølve julafta.
Eg hugsar ungane sin enorme spenning, glede av at dagen endelig er her.
Så sjølv om julestria herjer som verst, så har me mennesker, (i allefall eg), ein utruleg evne til å gløyma stresset og berre hugsa dei gode minnene...
Og det er nå endelig godt. For jula den kjem kvart år, om me er klare eller ei.
onsdag 15. desember 2010
tirsdag 14. desember 2010
*vannkopper/ kaffikopper
Virusinfeksjoner herjer i omgangskretsen og nå var det vår tur.
Litt forkjølelse og vonde halser, og så kom dei spennande vannkoppane som så mange andre rundt omkring har hatt.
For dei to eldste så trur eg det var litt spenning med vannkoppane. Me visste at smitten var på skulen og barnehagen. Så me har kikka og leita itte dei ei stund. Så lykken var stor då endelig dei første prikkane kom. Det var heilt til dei fann ut dette klør...
Det gjekk overraskande fint med ho eldsta. Med litt småaktiviteter, ein film og kos så glemte ho kløen innimellom.
Med dei to minste er det noko kjedeligare. Dei har fleire vannkoppar og det ser ut til at dei klør meir. Kvitvasken demper kanskje litt, men eg synes ikkje det er noko vidundermiddel.
Bosse ville ikkje ha vannkopper etter at dei begynte å klø. Eg fekk ikkje lov å sjå på dei og ikkje smøra dei. Så me bytta navn til kaffikopper, og då blei det litt bedre. Nå får eg (såvidt) smøre kaffikoppane, har gitt opp å telle dei. Dei to minste har også feber og er meir sjuke. Men i dag er det fjerde dagen, så tenker at når dagen i dag er overstått er det versta over.
Eg klør i medlidenhet.
Her har goingen satt på ein cd med klassiske barnesanger og sunger me av full hals. Då blir kaffikoppane glømt for ei stund.
Iben gullet, er berre lei, vanskelig å finna roen, og ingen trøst varer så lenge om gangen.
I dag morges var det to rådyr i hagen- har eg ikkje hatt julastemning før, så kom den iallfall nå. Julenissen sine "reinsdyr" var sååå fine.

onsdag 8. desember 2010
*tid for ettertanke
Tida som husmor gjev tid til ettertanke. Om alt mulig.
Nå har eg vært hima siden mai måned. Det har vært fint, men nå vil eg ut. Eg er ikkje den fødte husmor. Kunne så gjerne ønska at eg hadde trivst med å gå i pysjen til langt ut på dag, var kreativ og full av pågangsmot til å ta å ta fatt på neste dags husmorsoppgaver. For dei er så viktige. Kanskje dei viktigaste me har.
Men eg må erkjenna at eg funker best litt "ute" og mest hima. Eg savner jobben, "innputten", kollegaene og utfordringar.
Det er liv og røre i huset heile tida, og når ungane er lagde er eg slips. Her er det såvidt pynta litt til jul, baksten let venta på seg, og jula kjem med stormskritt. Det er ambivalent, eg likar juleførbuinga, ungane sin spenning og begeistring, men den fører også med seg så mykje "må gjera" ting...
Ser rundt på bloggar om julebakst og juleeventyr, alt ser så fint og idyllisk ut. Eg beundrar energien og alt dåke får gjort...
Eit hjertesukk. ;)

lørdag 16. oktober 2010
* frukttrær i hagen
Det er luksus å kunne gå ut og hente friske smakfulle epler, uten sprøytemidler fra egne frukttrær...
Me har hatt fint vær her på vestlandet i fleire dagar. Om morgonen ligg det tjukt med rim på bakken, det er heilt vindstille og sola varmar etterkvart som den er på veg opp.
Det er berre til å nyte, me går mot kortare dagar, og me treng all motivasjon til å gå vinteren i møte.
Eg har lese ut boka Øya, skriven av Victoria Hislop.
Den kan varmt anbefales.
onsdag 13. oktober 2010
*eplekake
Haust
eplekake
kakao
kos
Oppskiften har eg funnet på matbloggen TRINES MEKTIGE MATBLOGG, som er verdt eit besøk. Har prøvd flere oppskrifter på denne bloggen og alle har vært vellukka.
Ps. Eg dobla oppskrifta på eplekake...
God haustkveld!
*leketid
Det haustferie, og ein deilig ro har senka seg i huset. Me e tidligt oppe og det e leketid. Bosse har forsvunne inn i ein verden som eg prøve å ta del i, på hans premisser.
Disse kjekke figurane har hatt ei lang levetid her i huset. Av og til tar me leker opp på loftet, lar dei ligge eit par år for så å ta dei frem igjen- med stor suksess. Det er som om dei har fått nye leker.
Litlajento e blitt 4 1/2 månad, og koser seg når storebror leker ved siden av.
Og kanskje når det er kviletid kan eg ta fram denne...
Ha ein fin dag!
mandag 11. oktober 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)