mandag 20. september 2010

*høneblund


Det er godt med ein liten høneblund i blandt. I dag feirer me fjortisen i huset og då tels det å nytta tida godt mens veslegullet søv... Ellers så hadde eg kanskje slengt meg på sofaen eg og.

God mandag!

onsdag 15. september 2010

*morgenstund har gull i munn...

Det er høst ute og det begynner å bli kaldt i huset om morgonen. I dag har me fyrt i "ogen" og våkna sakte under pleddet, med kaffikoppen og hørt på morgenradio.

Bosse er i full gang med leiken.




"unsjull mamma", "det e ujettfejdi!"og "otei" (okei) er tre ord som blir mykje brukt av treåringen for tida. Vokabularet er i stadig utvikling og sammenhengen mellom handling og ord begynner å henge saman. Det er mange ord og uttrykk som er verdt å skrive ned...

Eg er stadig innpå og leser flotte bloggar. Mens eg sjølv er ganske tom i toppen for tida. Så mykje å fortelja, men så vanskelig å få det ner...

God onsdag!

søndag 22. august 2010

*til minne om ...

ein flott gut.

Eg hadde laga eit innlegg om skulestart. Om mi jenta som har fått begynt på skulen. Men det føltes feil å ikkje skrive noko meir.

For i helga har eg fått eit lite sår i hjerta. Det blør. Det blør for ein liten stor gutt. Ein storebror, ein sønn, ein mammas og pappas gutt som også skulle begynt på skulen. Han skulle stått mange ganger enda og heia på FK Haugesund. Han skulle vært med på mykje meir.

Han har måtta kjempa sin egen kamp, kampen mot kreften.
Han har vært ein tapper og sterk gut. Men sjølv den sterkaste må av og til gi tapt.

Eg håper du har det godt nå, at kroppen din får kvila.

Kvil i fred veslegut.

*skulestart

Den første veka etter ferien er over.

Me har hatt nedtelling til skulestart denne sommaren. Det har vært store forventningar for både store og små.
Den siste veka har vært proppa med informasjon og skulejento har lagt seg trøtte og mette på inntrykk om kveldane.





Det er mange føleleser i sving. Spenning og glede blanda med sårhet og alt det nya som gir litt utrygghet. Torsdagskvelden når ho la seg spurte ho "skal eg på skulen i måro og?"... og fredag morgon seier ho " i måro er det fri, og då skal eg ha fri i to dagar!"
Med middagsbordet spurde pappen om det bare var kjekt på skulen -"jaaa, men det e jo bare læraren som får snakka, me må venta så leeeenge på tur...."

Plutselig har seksåringen min blitt stor, ein ny epoke har starta. Nå blir det ikkje så ofta med seine morgonar og drøs. Nå er det lekser og plikter som ligg på skuldrene. I mange år fremover. Og vår oppgava som forelder blir om ikkje endo viktigare enn før. Å veileda og "letta børo" som farmor ville sagt.

For triåringen som alltid har hatt storasøstero med seg i barnehagen er det og litt uvant. Og litt "ujettfejdi" som han sjøl seier.


Eg husker sjøl første skuledag, mest den nye ranselen og følelsen av å vera stor. Kanskje huskar eg endo betre når alle dei andre gjekk på skulen og eg hadde endå eitt år igjen før det var min tur. Mange av mine venner var eitt år eldre og eg huskar godt at eg venta  på dei til skuledagen var over og eg kunne gå dei i møte.

Det har vært godt med helg og alle inntrykkene har fått synka litt inn. Nå har det blitt ro i huset, og me e snart klar for ei ny veka. Denne veka starter dei fleste aktivitetane opp igjen etter sommare. Så om det ikkje var sving på hjulet fra før, så blir det jaffal det nå.
                                

torsdag 12. august 2010

*Gilleleje


Me har vært på tur. Til barndomsplassen til Mannen. Det er ein flott fiskelansdby i Danmark med liv og røre om sommaren.  Verdt eit besøk.


Me har hatt tid til kvarandre, til å sjå, shoppe, leike, kose, spise, preike og lese...


og ein etterlengta dag på stranda.
været var varmt, men desverre ikkje noko til strandliv, men heldigvis blei det flott ver dagen før me skulle heim. me var raske med å komme oss til stranda den morgonen.



og veslajento fekk ei kyse av svigermor. kan tru den var flott. ho hadde kjøpt den på antikkforretning. tenk at den hua har ein historie...




me har hatt ein flott ferie. sjølv om eg er heime i permisjon var det utrolig godt å reise vekk når Mannen fekk ferie. kroppen slapper av på ein anna måte og det blir tid til andre ting. deilig.

tirsdag 27. juli 2010

*søskenkjærlighet

på morgenkvisten. litlajento er blitt  sju veker og kameravant.





mandag 26. juli 2010

*strandliv


bildet gir ein følelse av ro og stillhet. sannheten er at bak fotografen var det eit yrande liv av tanteungar og andre ungar, herlig.







utstyret må vera i orden





endelig kom sommaren her til vestlandet. og me var ikkje seine med å dra til sjøen for å nyta. å hørra bølgeskulvp, leite etter småkrabbar i tangen, berre sitta med sjøkanten. det er og noko som ladar batterier.

det e i livet.